Kva kunnskap har vi om CSNN på edelgran (Abies spp.)?

Formidling

Forfatter(e): Venche Talgø, Iben M. Thomsen, Gary A. Chastagner, Thomas Cech Kathy Riley, Kurt Lange, Guro Brodal, Peder Lombnæs, Sonja S. Klemsdal og Arne Stensvand

Publikation: Nåledrys nr. 71

År: 2010

Side(r): 30-34

Artikel/abstract:

CSNN (”current season needle necrosis” på engelsk og ”røde nåle” på dansk) gjer stor skade på edelgran til juletre og klyppegrønt både i Europa og USA. Nålene vert misfarga og ved sterke angrep fører det til omfattande nålefall. 

Det har vore forska på årsaka til CSNN i fleire tiår. Status per 1. november 2009 er: 
a) Utbrot av CSNN er truleg klimarelatert 
b) Stor variasjon i angrep mellom lokalitetar 
c) Genetisk variasjon i resistens mot CSNN 
d) CSNN skuldast etter alt å døma ikkje Ca-mangel 
e) CSNN smittar frå tre til tre 
f) Sydowia polyspora (syn. Kabatina abietis) isolert frå nåler med CSNN-symptom 
g) Smitteforsøk med S. polyspora gav CSNN-symptom 
h) S. polyspora vart funnen på frø 
i) S. polyspora isolert frå nåler med øydelagt vokslag rundt spalteopningane 
j) Pestalotiopsis funerea gav ikkje CSNN-symptom 
k) Dårleg effekt av kjemiske middel mot CSNN

Læs artiklen